| Ulvang kjøper seg inn i Bionordic |
|
|
|
| Skrevet av Per Erik | |||
![]() Vegard Ulvang er blant dei nye eigarane til norges einaste produsent av pelletsomnar; Bionordic i Jostedalen.
- For oss er dette ein halleluja-dag, seier dagleg leiar i Bionordic, Edvin Brun. Det seier han mindre enn ei veke sidan det vart meldt om ein dramatisk nedgang i salet av pellets-omnar. All uro borte- All uro som det måtte vore rundt framtida vår er fullstendig borte, seier sjefen på fabrikken i Jostedalen, som er dei einaste i landet som produserer slike omnar. - Det som skjer no er ein del av ein strategi me har jobba med i to år. Me jobba med ein emisjon som eigentleg skulle vere klar i 2007, men me måtte nett over i 2008. Utvikling over fem årFor dei tilsette ved fabrikken betyr dette i første omgang at alle arbeidsplassar er trygge. Så skal dei ta til å vekse, seier Brun.
- Dette gir oss både kapital og marknadstilgang. Me får ei forutsigbarheit dei neste fem åra rundt korleis me skal utvikle oss og jobbe. No skal me vekse, seier han.
|
|||




